Tuesday 27 October 2015

Det er noko rart med meg og denne bloggen. Eg blir lei og trur eg har vekst frå alt dette. Det har eg jo også på ein måte. Men eg kjem alltid attende. Eg har tenkt at det er over. Eg har til og med vurdert å legge alt bak meg og slette spora, men eg får det ikkje til. Mine innerste tankar og kjensler ligg mellom alle orda som står skrive her. Å fjerne dette frå livet mitt ville vore som å brenne ei dagbok. Eg klarar det ikkje.

Så da kjem eg jo alltid attende. Med eit blankt ark og nye kjensler. Eg har vel berre slått meg til ro med det nå, at eg treng noko som er fast og berre mitt. At det skulle bli dette her, var ikkje ein del av planen, men eg kan leve med det. Eg treng noko som minner meg på kven eg er når eg roter meg bort blant studie, gutar, alkohol og ukjende gater. Her har eg alltid visst kven eg er.

Thursday 11 December 2014

Midnatt

Klokka er over midnatt. Eg skriv eksamen og høyrer på ei spotify-liste med 7 songar. Har sikkert høyrd gjennom lista 15 gongar. Skriv vel berre for å gjera noko anna enn eksamen i 5 minutt og fordi eg byrjar å bli trøytt. Eg er i Nord-Noreg for fyrste gong. Her er det mørkt, så eigentleg kan det hende klokka er 4 på ettermiddagen. Eg har skrive eit dikt på kjøleskapet til syster mi med magnetar. Det vil eg dele med verda no.

kjære midnatt
kan du
vera evig
og
omfamne meg


Eg veit det. Eg er bra.
Nei.
Nå må eg skrive ferdig eksamen før eg sovnar. Takk for meg.

Thursday 20 November 2014

Min studiekvardag

"Har du kome langt på arbeidskravet?"
"Nei."
"Kor langt har du kome da?"
"Har akkurat byrja å skrive."
"Men det er jo torsdag! Du veit at det skal leverast i morgon?"
"Ja, eg veit det."

eller

"Kvifor jobbar du ikkje med arbeidskravet?"
"Eg vil ikkje!"


HASJTÆGG LIVET

Thursday 13 November 2014

Eg skal finne ut om eg skal bli her og ta ein bachelorgrad eller om eg skal gjeva opp og flytte til Bhutan for å bli lykkeleg. Det er eit vanskeleg val. Neida, men seriøst, eg må faktisk bestemme meg for om eg skal halde fram med det eg har byrja med her nå. Eg vil jo det eigentleg. Problemet er at eg ikkje gidd å studere. Det er så himla kjedeleg. Korleis skal eg kunne ta ein bachelorgrad, når eg sit her og syt i staden for å skrive ei oppgåve på 1200 ord..?

Wednesday 12 November 2014

Eg har trur eg har funne ut kva personar som irriterar meg aller mest. Dei er oftast i vidaregåandeskulealder og dei er lette å kjenne igjen. Dei kan vera høglytte, og dei bruker ofte veldig sterke ord. Det er ikkje russen eg meiner, sjølv om ein skulle tru det. Det er ungdomspolitikarane, og spesielt dei på venstre sida. Dei kan vera så himla innpåslitne at eg blir gal. Eg har opplevd så mange gongar at nokon vil verva meg, spesielt til RU og SU. Okei, greit nok, eg ser den. Mange trur jo også at eg er ru-ar eller su-ar, men neitakk altså!

Begeret mitt vart fyllt da eg var på globaliseringskonferansen, og det var nesten så eg kunne slått til nokon. Når du prøver å vera sosial med folk på din eigen alder spør dei ikkje eingong kva du heiter. Det fyrste folk seier er: "kva organisasjon er du her med?"
Eg svarar heilt enkelt: "ingen. Eg er her med meg sjølv."
"Fett, da kan eg verve deg til SU!"
"Nei, det kan du nok ikkje. Sorry!"
"Jo, kom igjen. SU er skikkeleg kult og blablabla.."
Og slik fortset det. Kva er det med desse folka som gjer alt for å få ein stakkar til å bli med i deira organisasjon? Det verkar som om dei lev for dette partiet sitt. Dei verkar så uvitande om alt det spanande som finst utanfor veggane på landsmøtet i sosialistisk ungdom. Ikkje misforstå meg nå, eg tykkjer poltikk er viktig og det er bra å engasjere seg. Men la nå meg seie nei utan at de skal byrje å leggje ut om kor bra dykkar parti er. Eg treng ikkje å forklare meg for deg når eg seier neitakk til å vera med. Grunnen eg gav ein gjeng med su-arar var at eg tykkjer ein blir mindre sjølvstendig når ein berre baserer seg på kva eit parti meiner. Eg tykkjer ein sjølv burde gjera seg opp meiningar utan å vera partipolitisk. Responsen eg fekk var: "kallar du oss usjølvstendige?"
"Ja." sa eg, også heldt dei kjeft.

Monday 20 October 2014

Eg føler meg berre håplaus. Det er ein slik dag i dag. Eg kjem sikkert til å gå på shopping etter skulen, og eg kjem til å føle meg mykje betre etterpå. Det er litt trist.
Eg veit ikkje kva eg vil gjera med livet mitt. Eg vil gjerne bu på Lillehammer, for det er ikkje så verst her. Eg har ikkje noko imot studiet mitt heller. Eg har ca. to vener her, og det er meir enn nok for å overleve. Så basically har eg det bra her. Men det er så mange andre ting eg har lyst til å gjera. Eg vil heller reise, jobbe, ta språkkurs eller gjera noko kult. Kanskje byrje på ei anna utdanning til og med. På eit tidspunkt må eg ta eit val, og eg byrjer å bli skikkeleg nervøs for akkurat det. Eg veit ikkje eg altså. Livet stressar meg..

Tuesday 7 October 2014

Eg skjønar ikkje folk som er glade heile tida. Det er vel ingen som eigentleg er det? Folk som alltid skal vera superpositive til alt og prøver å rekruttere andre inn i sin lykkerus er noko av det mest slitsame eg veit om. Det er eit par her som er slik, men eg har skjønt at eg berre må ta avstand frå dei. Kombinasjonen falsk positivitet og min pessimisme er ikkje bra for nokon. Dei to sidene ser ut til å forsterke kvarandre. Da er det betre at eg berre irriterer meg og tenkjer eg er glad eg har meir realistisk tankegang enn andre.
Best for meg, tenkjer eg.

Så utruleg teit eg eigentleg er som berre dyrker min eiga tankegang. Ikkje at eg trur eg er best, men eg konkluderer ofte med "jaja, synd for dei andre". Eg blir nok aldri ein betre person.

Thursday 2 October 2014

Dagens ungdom ass

I dag er det "trafikkljosfest" på Studenten, og det er noko av det teitaste som er funne på. Dei fleste kjenner sikkert til det. Ein fest der konseptet er å vise gjennom fargane du har på deg om du er singel, oppteke eller ikkje heilt har bestemt deg. What? Det er så mange tema som kan vera kjempemorosame, også skal det alltid vera noko så teit. Eg blir usikker på om eg reagerer fordi eg berre er sjalu og bitter. Kanskje eg kunne hatt det kjempemorosamt om eg ikkje tenkte så mykje som eg gjer. Eg likar jo å vera full eg også, men det er så mange ting eg ikkje skjønar med min eigen generasjon. Men nei, det er ikkje noko å lure på, eg er ikkje sjalu. Det er faktisk berre teit. Det einaste som kanskje er verre, er festar med temaet "hore & hallik". Altså seriøst. Eg føler eg er hundre år gamal.

Wednesday 1 October 2014

Folk

Av og til blir eg litt sur på meg sjølv fordi eg ikkje tek kontakt med folk. Eg kunne jo gått bort til dei og satt meg ned der. I staden vel eg å setje meg åleine med kaffen og macen min. Eg er verkeleg ikkje eit sosialt vesen. Skulle eigentleg ynskje eg var det. Men dei gongane eg har vore den som har gått bort og teke kontakt, har alltid vorte kleine situasjonar. Dette gjeld jo berre dei folka som ein liksom "må" vera venn med, slik som klassekameratar. Når eg tek kontakt med folk som eg genuint er interessert i å prate med, er det ikkje så kleint. Men det er jo som regel gamle folk på bussen eller folk som går tur med hunden sin. Poenget er at eg har eit problem med folk. Om det er ein gjeng på meir enn fire personar, blir eg berre stille. Eg seier aldri noko i slike mengder.

Eg trur det er i alle fall tre grunnar til det.
1. Eg blir heilt satt ut av korleis folk skal bevise seg sjølv overfor andre, spesielt i mengder.
2. Eg føler at eg ikkje har noko å bidra med, ikkje berre fordi eg har dårleg sjølvtillit, men fordi ein er liksom nøydd til å seie noko interessant eller morosamt og eg tykkjer det blir så påtatt.
3. Det er generelt få folk eg faktisk likar. Når ein da skal vera saman i ei mengde, er sjansen stor for at eg ikkje likar fleirtalet.

Dette handlar ikkje om at eg er ein overlegen dust som trur eg er så mykje betre enn alle andre. Det er ofte det folk trur om meg. Det handlar meir om at eg vil bli kjend med folk eg passar saman med, utan at ein skal prøve å imponere kvarandre. Eg blir også veldig sjenert i mengder fordi eg føler meg utsatt. Om eg seier noko der, er det mange fleire som dømmer meg. Det er sjølvtillita mi som ikkje er steinhard. Ikkje døm meg for det.

På skulen verkar det som alle skal bli bestevenner og vi skal ha eit supert klassemiljø og alt skal bli perfekt. Tanken er god, men det funkar ikkje slik. For å bli kjend med nokon treng ein tid. Det er dette mange ikkje skjønar. Ein blir ikkje bestevenn med nokon med ein gong. Sidan eg ofte held meg for meg sjølv eller ikkje er med på alt det sosiale, trur jo folk at eg ikkje likar dei. Det stemmer jo somme gonger, men ein treng ikkje å bli fornærma av den grunn. Folk må slutte å ta alt så personleg, jeez. Du er ein kul person, eg likar deg, men vi treng ikkje å bli bestevenner. That's it.